Hopp til innhald

Firda Tidend

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Firda Tidend
TypeDagsavis
(to dagar i veka)
FormatTabloid
Oppretta1924
Første trykk1. juli 1924
Språknorsk
MålformNynorsk
Lokalavis forGloppen og Indre Jølster
EigarskapSenterpartiet
Fleire mindreeigarar
Opplag3 154 (2002)
3 106 (2005)
RedaksjonskontorNordstrandsvegen
PB 38
Postnummer6823
StadSandane
Ansvarleg redaktørAadne Gloppestad  (2006)
Politisk posisjonKnytt til Senterpartiet

Firda Tidend er ei lokalavis for Gloppen og Jølster, som vert gjeven ut to dagar i veka på Sandane i Vestland fylke. Avisa vart oppretta som kamporgan for bonderørsla i 1924, sterkt knytt til Bondepartiet som vart stifta fire år før; i 1920. I den første tida vart avisa driven av eit aksjeselskap, men grunna økonomiske vanskar vart eigarskapen overført til Anders Øvreseth, som då òg tok redaktørstolen i heile 36 år (1930-1966).

I 1967 vart avisa omorganisert til å skulle fungere som lokalavis for Gloppen og Jølster. Selskapet L/L Senterpartiavisa vart oppretta som eigarorganisasjon, og Senterpartiet heldt fram som største aksjonær med til saman 45 % av aksjane, medan resten kom i eigarskap av fleire einskildmedlemmer i partiet og handelslaget på Breim.

I 1981 annekterte L/L Senterpartibladet Solglimt Trykkeri.

Firda Tidend har til saman 8 tilsette.[1]

Redaktørar i Firda Tidend

[endre | endre wikiteksten]

Opplagstal

[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.[2]

År Nettoopplag
2000 3 227
2001 3 155
2002 3 154
2003 3 174
2004 3 110
2005 3 106
2006 3 100
2007 3 070
2008 3 056
2009 3 064
2010 3 046
2014 2 977
  1. ↑ «Om Firda Tidend», Firda Tidend, henta 10. februar 2022
  2. ↑ Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]