Hopp til innhald

Fjelberg stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fjelberg stavkyrkje
kyrkjestad
Land  Noreg
Kart
Fjelberg stavkyrkje
59°44′18″N 5°42′24″E / 59.73833333°N 5.70666667°E / 59.73833333; 5.70666667

Fjelberg stavkyrkje var ei stavkyrkjeFjelbergøy i Kvinnherad i Sunnhordland, som vart riven rundt 1730. Det er ikkje bevart nokon kjende bygningsrestar frå kyrkja.

Det finst ikkje noko grunnlag for ei detaljert datering av kyrkja. Ei kyrkje på Fjelberg er første gong nemnt i kjeldene i 1360. Kyrkja er nemnt siste gong i 1722. I 1733 fekk soknet ei ny kyrkje, og stavkyrkja har då truleg vorte riven kort tid før.[1]

Ei kjelde frå 1462 nemner ei gåve til «høgaltaret i Fjelberg kyrkje».[2] Dette tyder på at kyrkja hadde fleire altar. I 1665 skulle det setjast inn vindauge i sørveggen på kyrkja, sidan det skal ha vore svært mørkt i kyrkja. I 1722 hadde kyrkja svalgang berre på nordsida. Same året vert kyrkja kalla ei «ældgammel og i Grund forraadnet Stavkirke».[1] Etter storleiken på kyrkja å dømma, må ho vore treskipa med heva midtrom. Skipet var om lag 50 fot gonger 28 fot (16 m x 9 m) og koret var 16 fot gonger 20 fot (5 m x 6 m).

  1. 1,0 1,1 Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 478-479
  2. «...til høga altared i Fielbergx kirkio». Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 478. Originalkjelde i Diplomatarium Norvegicum II, 845

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]