Hopp til innhald

Fjellet Schneeberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Schneeberg
fjell
Til venstre toppen Klosterwappen, til høgre fjellhytta Fischerhaus og i føregrunnen Ochsenboden.
Land  Austerrike
Region Nedre Austerrike
Fjellkjede Dei nordlege kalksteinsalpane
Høgd 2 076 moh.
Primærfaktor 1 348 m
Koordinatar 47°46′N 15°48′E / 47.767°N 15.800°E / 47.767; 15.800
Førstestiging Charles de l'Écluse
Kart
Fjellet Schneeberg
47°46′00″N 15°48′16″E / 47.766666666667°N 15.804444444444°E / 47.766666666667; 15.804444444444
Wikimedia Commons: Schneeberg (Alps)

Schneeberg er det høgaste fjellet i Nedre Austerrike med ei høgd på 2 076 m og det austlegaste fjellet i Alpane på over 2 000 meter. Det er eit karakteristisk kalksteinsmassiv der tre av sidene er bratte.

Schneeberg er ein del av Dei nordlege kalksteinsalpane i grenseområdet mellom Nedre Austerrike og Steiermark i austlege område av Austerrike. Schneeberg og fjellet Rax (2 007), som ligg 13 km mot sørvest vert rekna som dei lokale fjella (Hausberge) rundt Wien. Dette rike karstplatået har gjeve drikkevatn til Wien, via eit 120 km langt vassrøyr, sidan 1873, og det er hevda at dette er det beste drikkevatnet i verda.

På klåre dagar kan ein sjå Schneeberg frå delar av Wien, som ligg 65 km unna (i luftlinje), i lag med snødekte sletter som strekkjer seg ned frå dei nordlege fjellsidene sjølv på sommarstid.

Ein tannbane, Schneebergbahn som no er over 100 år gamal, går opp til om lag 1 800 meter, og reduserer gåturen til fjelltoppen til ein time eller to.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Fjellet Schneeberg