Gagrafjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fjellkjeda Gagra)
Hopp til navigering Hopp til søk
Gagrafjella

Gagra (russisk Гагрский хребет, Gagrskij hrebet) er ei fjellkjede i Store Kaukasus i Abkhasia, den sjølvstyrte republikken i Georgia. Fjellkjeda går mellom dalane til elvane Bzyb og Psou sør for Store Kaukasus, hovudsakleg i ein nord-sør retning. Det høgaste fjellet er Agepsta på 2 256 m.

Gagra nærmar seg Svartehavet nær byen Gagra, og spelar ei viktig rolle for klimaet her med å blokkere kald, kontinental vind frå nord og aust.

Fjellkjeda består hovudsakleg av kalkstein og har utprega karsttopografi med mange djupe gjel laga av elvane. Den djupaste grotta i verda, Voronjagrotta, ligg i Arabikamassivet i fjellkjeda Gagra.

Hovudvegen til innsjøen Ritsa går langs fjellkjeda, langs elvane Bzyb, Iupshara og Gega.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]