Fjelltjæreblom
Utsjånad
Fjelltjæreblom | |
Fjelltjæreblom | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Nellikordenen Caryophyllales |
Familie: | Nellikfamilien Caryophyllaceae |
Underfamilie: | Caryophylloideae |
Stamme: | Sileneae |
Slekt: | Smelleslekta Silene |
Art: | Fjelltjæreblom S. suecica |
Vitskapleg namn | |
Silene suecica |
Fjelltjæreblom (Silene suecica) er ei fleirårig urt i nellikfamilien. Han har ei amfi-atlantisk utbreiing. Arten har tidlegare vore klassifisert som Lychnis alpina. Planta vert kring 10 cm høg og har snaue blad og stengel utan limringar. Oftast er heile planta raudfarga.
Fjelltjæreblom blomstrar kring juli månad i beitemark og grus til fjells, særleg der det er tunge metall i jorda. Han veks ofte heilt ned til sjønivå. Planta finst i alle fjelltrakter i Noreg. Ho er funnen opp til 1900 m i Jotunheimen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
- Denne artikkelen bygger på «Fjällnejlika» frå Wikipedia på svensk, den 5. september 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) fjelltjæreblom i Encyclopedia of Life
- (en) fjelltjæreblom i Global Biodiversity Information Facility
- (en) fjelltjæreblom hos ITIS
- (en) fjelltjæreblom hos NCBI
- (en) fjelltjæreblom hos The International Plant Names Index
- (en) fjelltjæreblom hos Tropicos
- (en) Kategori:Viscaria alpina – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons