Frøplantar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frøplantar
Den mannlege blomen av Gnetum gnemon, eit medlem av Gnetophyta
Den mannlege blomen av Gnetum gnemon, eit medlem av Gnetophyta
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Underrike: Viridiplantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
(Urangert): Frøplantar Spermatophyta

Frøplantar (Spermatophyta eller Phanerogamae) er ei plantesystematisk avdeling av plantar som set frø, i motsetnad til sporeplantar som formeirer seg med sporar. Dette er den største gruppa av nolevande plantar, med over 260 000 nolevande artar.[1]

Karplantar inndelt i frøplantar og andre grupper.

I botanikken har ein lenge delt frøplantane inn i dekkfrøa plantar (Magnoliophyta) og nakenfrøingar (Gymnospermae), som omfattar divisjonane Pinophyta (bartre), Cycadophyta (konglepalmar), Ginkgophyta (gingko) og Gnetophyta. Dei største familiane er marihand- og korgplantefamilien.

Dei eldste frøplantane ein har fossil frå er gruppa Pteridospermatophyta, desse er frå sein devontid.[2]

Divisjonar[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

av Michael G. Simpson

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Joel Cracraft, Michael J. Donoghue (red.) Assembling the Tree of Life, Oxford 2004, Oxford University Press
  2. Rothwell, G. W., Scheckler, S. E. & Gillespie, W. H. (1989). «Elkinsia gen. nov., a Late Devonian gymnosperm with cupulate ovules.» Botanical Gazette, 150: 170-189, oppgjeve i «Pteridospermatophyta» på Engelsk Wikipedia.
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.