Fjernsynsserien One Tree Hill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

One Tree Hill er ein USA-amerikansk fjernsynsserie retta mot ungdom som blei vist første gong 23. september 2003 på WB Television Network, som seinare blei til CW Television Network. I Noreg blir han sendt på TVNorge. One Tree Hill er retta mot ungdom, og handlar om kjærleik, venskap og fiendar og ulike ungdomsproblem. Dei fleste episodane er filma i Wilmington i Nord-Carolina, i ein oppdikta by som heiter Tree Hill. Det finst 9 sesongar av serien, og kvar sesong har om lag 22 episodar, bortsett frå sesong 9 som har 13 episodar. Det er Mark Schwahn som har laga serien.

Handling i serien[endre | endre wikiteksten]

Lucas Scott og Nathan Scott er halvbrør. Begge er søner av Dan Scott, som forlét mor til Lucas, Karen Roe, då ho blei gravid. Han gifta seg med Deb Scott og dei fekk Nathan. Nathan Scott og Lucas Scott er like gamle, og begge to spelar basketball. Dei hatar kvarandre, sjølv om dei ikkje kjenner kvarandre og lever åtskilde liv. Det er først då dei startar på same basketballlag at dei blir kjent. Nathan blir samtidig kjent med Haley James Scott, bestevenen til Lucas, og dei blir forelska. Lucas blir kjent med Peyton Sawyer og Brooke Davis, og forelskar seg i begge to. Det er slik serien startar, og vidare handlar han om desse fem personane og hendingar i liva deira og One Tree Hill.

Rolleliste[endre | endre wikiteksten]

  • Lucas Scott - Chad Michael Murray
  • Nathan Scott - James Lafferty
  • Peyton Sawyer - Hilarie Burton
  • Brooke Davis - Sophia Bush
  • Hayley James (seinare Scott) - Bethany Joy Lenz-Galeotti
  • Dan Scott - Paul Johansson
  • Karen Roe - Moira Kelly
  • Deb Scott - Barbara Alyn Woods
  • Keith Scott - Craig Sheffer
  • Mouth McFadden - Lee Norris
  • Coach Whitey Durham - Barry Corbin

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne medieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.