Fjernvarme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fjernvarmerøyr av stål med isolasjon ikring, klare til å leggjast i grøfta for å verte sveisa saman og isolert på partia der skøytane er. Den raude hetta skal fjernast. «Tråden» som stikk ut av isolasjonen høyrar til eit varslingssystem for lekkasjar.
Prinsippet for eit fjernvarmenett. Raudt tyder røyra med varmt vatn ut frå fjernvarmesentralen opp til høgre på skissa, medan blått markerer røyra med returvatnet attende til sentralen.

Fjernvarme er nemninga på eit distribusjonssystem for varme. Vatn vert oppvarma i ein fjernvarmesentral og sendt i isolerte røyr i ein lukka krins ut til bygningar i eit større område, jamvel ein heil by, der kvar bygning hentar ut varme av dette vatnet gjennom ein varmevekslar til romoppvarminga ved hjelp av ordinære radiatorar, og for oppvarming av varmt tappevatn. Vatnet som går ut frå fjernvarmesentralen er på om lag 120 ºC og har høgt trykk, så det kan ikkje nyttast beinveges i radiatorane i dei einskilde bygningane. Hjå kundane er det målarar som registrerer energiforbruket på tilsvarande vis som straummålarar gjer for elektrisk energi.

For å danne den lukka krinsen som fjernvarmenettet utgjer, går det to parallelle røyr ut frå sentralen i eit tur-retursystem. Det eine røyret er for det varme vatnet ut frå sentralen, og det andre røyret er for det same vatnet på vegen attende til sentralen etter å ha gjeve frå seg varmen i dei bygningane som er knytt til nettet.

Føremonar og ulemper[endre | endre wikiteksten]

Føremonane ved fjernvarmeanlegg er at store fyringsanlegg med meir kontinuerleg drift enn små anlegg utnyttar brensla betre og gjev lågare utslepp, at det er lågare kostnader til investeringar og drift, og at ein kan velje mellom fleire måtar å fyre anlegga på. Ved å byggje fjernvarmeanlegg som skal fyrast med hushaldningsavfall og anna søppel, vert det mindre avfall som må leggjast i deponi, altså «gå på søppelfyllinga». Såleis vert restavfall ein ressurs. Ved store fjernvarmeverk kan det dessutan vere lønsamt å kombinere fjernvarmeproduksjonen med produksjon av elektrisk energi ved hjelp av ein dampturbin som driv ein generator. Vatnet vert då varma opp til damp med ein temperatur og eit trykk som er vanlege i dampkraftverk, og etter at mykje av energien i dampen er gått med til å drive turbinen, er vatnet av lagleg temperatur til å sendast ut på fjernvarmenettet. Slike kombinasjonsverk vert kalla kraftvarmeverk.

Ulempene ved fjernvarme er knytt til kostnadene ved utbygging, vedlikehald og drift av røyrleidningsnettet, og til det varmetapet i vatnet som trass alt skjer på vegen frå fjernvarmesentralen til abonnentane, sjølv om røyra er godt isolerte og stort sett ligg nedgravne i grunnen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]