Fløksand husmorskule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 60°32′26″ N 5°5′12″ E

bilete av trebygning.
Den gamle husmorskulen på Leirvik gard på Fløksand.
Kjelde: Avdeling for spesialsamlinger v/Universitetsmuseet i Bergen

Fløksand husmorskule var skipa den 2. februar 1909 og skulebygget stod ferdig i januar 1910.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Den 1. februar 1910 tok det fyrste kurset til med 20 elevar. I 1917 vart skulen utvida til 24 elevar.

Då departementet i 1919 kom med krav om at alle landshusmorskular skulle ha opplæring i stell av mellom anna gris og høns, vart det bygt gris og hønsehus. I 1927 vart eit vedhuset påbygt, for å gjere plass til vaskehus og eit lite bad. I 1922 var det bygt eit stabbur.

Kjende personar[endre | endre wikiteksten]

Den kjende husstellæraren og programleiaren Ingrid Espelid Hovig er ei av dei som gjekk på skulen og ho kom tilbake som lærar i 1954.

Bygningen[endre | endre wikiteksten]

Skulhuset er ein toetasjes bygning med fasadekledning av tre, med horisontalt trepanel, supanel med eller utan kantskjæring. Huset har vanlig saltak og heilvalmtak mot søraust, tekt med lappskifer. Ytterveggen er konstruert med lafteverk av tre. Underbygningen er konstruert med naturstein utan bindemiddel (tørrmur).

I dag er bygningen klubbhus og kafe for Meland golfklubb.

Arkiv[endre | endre wikiteksten]

Husmorskulen vart driven av Hordaland fylkeskommune og arkivet etter skulen er i dag hjå Fylkesarkivet i Vestland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]