Flagget til Tenerife

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flagget til Tenerife

Flagget til Tenerife består av ein kvit Bourgognekross (Andreaskross) på blå bakgrunn. Fargen blå representerer havet og det kvite representerer det snødekte fjellet Teide vinterstid.

Dette flagget er svært likt det skotske flagget. Den einaste skilnaden mellom dei er at flagget til Tenerife har ein mørkare blåfarge.