Flaggstikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Enkelt og dobbelt flaggstikk

Flaggstikk , eller skostikk, vert av mange sett på som den vanlegaste og beste løysinga når to tau skal skøytast. Det er ein sikker måte å skøyte tau av ulike dimensjonar. Då må det tynnaste slåast rundt det tjukke.

Når stikket skal slåast må partane vere slakke. Ein lagar ei bukt på den tjukkaste parten. Ein stikk den tynne part inn i bukta, rundt bukta og under eigen tynn part. Flaggstikk vert ofte slått med slepp. Då fører ein den tynne parten tilbake langs seg sjølv under den faste parten.

Flagstikket kan slåast dobbelt. Etter det enkle stikket, fører ein arbeidande part på nytt rundt den tjukkaste bukta, og på ny under eigen part. Dobbelt flaggstikk kan og ha slepp. Om ein stikk parten gjennom sleppløkka, låser ein slippstikket.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Johan J. Petersen: Flaggstikk i KYSTEN, utgåve 5 - 2023