Flaneri
Utsjånad
Flaneri (frå fransk flânerie, 'slentring') er ein litterær sjanger med ein uformell, personleg stil som gjer seg betraktingar rundt det som skjer i tida.
Hallvard Rieber-Mohn har kalla flaneriet «...en krysning av novelle, epistel og kåseri, tilsatt en knivsodd 'fortrolig samtale med leseren'».[1] Engelske Virginia Woolf skreiv mykje innan denne sjangeren, medan det i Noreg var Odd Eidem som etablerte han på 1960- og 1970-talet, gjennom mange godtseljande bøker med undertittel «Flanerier».
Nemninga «flanør» om ein som slentrer rundt blei brukt av Charles Baudelaire og Walter Benjamin for å skildra moderniteten i storbyen.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Tone Selboe. «Flanøren, tilskueren og Virginia Woolf», Norsk Litteraturvitenskapelig Tidsskrift, nummer 2, 1998.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Flanør» frå Wikipedia på bokmål, den 26. september 2010.
- Fotnotar
- ↑ Frå forordet til Odd Eidems Fløyten og Orgelet