Flytande lys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Flytande lys er foton i ein laserstråle som kondenserer til «lysdråpar» som har liknande eigenskapar som ei væske. Når ein laserstråle vert fokusert i ei samlelinse i eit brennpunkt, kan det dannast samlingar av foton som oppfører seg på liknande vis som væskedråpar. Dei har ei slags overflatehinne og danne virvlar. «Lysdråpane» flyttar seg framleis med lysfarten.

Ein har ikkje påvist slike dråpar i eksperiment, men har potensiale til å nyttast som informasjonsberarar i optiske datamaskinar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Grøn, Øyvind. (2009, 14. februar). Flytande Ljos. I Store norske leksikon. Henta 7. november 2013 frå http://snl.no/flytande_lys.