Hopp til innhald

Foix

Koordinatar: 42°57′59″N 01°36′28″E / 42.96639°N 1.60778°E / 42.96639; 1.60778
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For elva i Catalonia i Spania, sjå Rio Foix.
Foix
Horisonten til Foix
Horisonten til Foix
Byvåpenet til Foix
Byvåpen
Land
Region
Departement
Frankrike
Occitanie
Ariège
Flatevidd 19,32 km²
Flatevidd
 - By

19,32 km²
Innbyggjarar
 • By (1999)
   - folketettleik

9 109
  471/km²
Koordinatar 42°57′59″N 01°36′28″E / 42.96639°N 1.60778°E / 42.96639; 1.60778
Høgd 400 m
Tidssone CET (UTC+1)
Postnummer 09000
Nettstad: www.mairie-foix.fr

Foix er ein kommune sørvest i Frankrike i departementet Ariège der han er préfecture (administrasjonsstad). Han ligg sør for Toulouse, nær grensa til Spania og Andorra. Byen har om lag 9 000 innbyggjarar, og er den nest største byen i departementet etter Pamiers.

Byen Foix har sannsynlegvis sitt opphav frå eit kapell grunnlagd av Karl den store, som etter kvart vart eit kloster. Opphavleg høyrte området til (pays de Foix) hertugdømmet Aquitania. Seinare vart det del av grevskapet Carcassonne. På 1000-talet vart Foix sjølv eit grevskap. Pays de Foix utgjorde saman med Couserans og Donézan eit kathar-område. Foix sine murar kunne motstå åtak frå krossriddarane. I dette området raste albigensarkrigane særleg kraftig. I 1229 var krigen over, og greven av Foix vart vasall under den franske krona. Ved arv vart derimot byen del av Béarn, som var vasall under Navarra. Men i 1607 vart òg Béarn igjen understilt den franske kongen.

Greven av Foix virka i saman med den katolske biskopen av Urgell som fyrstar av Andorra. Men Foix måtte så overdra sin del av denne dobbeltstyringa til den franske kongen (seinare vidare overdratt til den franske presidenten).

Atraksjonar

[endre | endre wikiteksten]

Dei største attraksjonane er den lokale greven si borg, den tidlegare abbedkyrkja Saint Volusien, og dei pittoreske smale gatene Rue de Labistour og Rue des Marchands.

Foix var fødestaden til Charles de Freycinet (1828-1923), statsmann og statsminister.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Foix