Folk ved fjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Folk ved fjorden
OpphavslandNoreg
SpråkNorsk
SjangerDokumentar
RegissørØyvind Sandberg
ProdusentØyvind Sandberg
Jorunn Botne
ManusØyvind Sandberg
MedverkandeOle Hjelmås
Magnhild Dyrdal
Maria Dyrdal
MusikkIver Kleive
FilmselskapØy-Film
Utgjevingsår2011
Lengd61 min.
AldersgrenseFor alle

Folk ved fjorden er ein prisløna norsk dokumentarfilm av Øyvind Sandberg. Filmen gjev eit varmt portrett av menneske som lever på tradisjonelt vis i Lindås i Nordhordland i moderne tid. «Folk ved fjorden» vart ein svært populær kinofilm i Noreg og gjekk på kino i Bergen eit heilt år etter premieren. På NRK er han sett av over 600 000 tilskodarar.[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

I filmen møter me Magnhild Dyrdal som bur i Dyrdal langs Austfjorden saman med mor si, Maria, på over 90 år. Magnhild driv gard åleine, held sau og geit og lagar heimelaga spekepølser og annan tradisjonsmat. Ole Hjelmås driv garden sin på Hjelmås langs Osterfjorden åleine.[2] Han overtok garden som 17-åring då faren døydde i 1958. Ole har framleis storfe og kjenner dyra ut og inn, men uttrykkjer at han er usikker på kor lenge han kan halda fram. Filmen følgjer begge gardsbruka i eitt år.[3]

Livsstilen som Ole og Magnhild representerer, er i ferd med å døy ut. Regissøren Øyvind Sandberg har sjølv budd i 50 år på Hjelmås, og har kjent Ole Hjelmås gjennom heile den tida. Han tok til å dokumentera den tradisjonelle livsstilen hans då han skjøna at det gjekk mot slutten.[4]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Filmen hadde premiere under BIFF, Bergen internasjonale filmfestival i 2011, 17.-24. oktober.[5] Filmen hadde svært gode publikumstal på norsk kino; i januar 2012 var det 17.000 som hadde sett filmen på kino,[6] og han tiltrekte seg publikum frå fleire aldersgrupper, også bebuarar på aldersheimar.[7] Han gjekk samanhengjande på Bergen kino i eit heilt år, og vart synt der for siste gong 21. oktober 2012.[8] Alt i alt blei filmen sett av over 31 000 tilskodarar i heile landet.[9]

Under BIFF 2011 vann Folk ved fjorden prisen for norsk dokumentar på 25 000 kroner. Ved mottakinga sa Sandberg: «Dei representerer noko verdifullt som me er i ferd med å mista fordi me vassar i pengar og kan kasta og kjøpa nytt heile tida. Eg håpar det er noko ved historiene deira som kan få folk til å tenkja seg litt om. Dette er ein pris vel så mykje til det flotte livet Magnhild og Ole lever.»[10] Under utdelinga av Amandaprisen 2011 vann «Folk ved fjorden» prisen for beste dokumentar.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]