Follonica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Follonica

Follonica er ein by og ein kommune i provinsen Grosseto i Toscana i Italia. Kommunen har vel 21 000 ibuarar og eit areal på 55,8 km². Byen ligg om lag 40 km nordvest for provinshovudstaden Grosseto, ved ei bukt av Tyrrenhavet.

Byen vart grunnlagt under storhertugen av Toscana, Leopold II, som styrte hertugdømmet frå 1824 til 1859. Eit nytt jarnverk vart då bygt på staden, og byen vart anlagt for arbeidarane på verket. Staden har likevel vore busett sidan ertruskartida, og ruinane av ei mellomalderborg ligg på ein ås ved byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]