Fonologisk nivå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit fonologisk nivå er det same som ein fonologisk representasjon, og dei ulike fonologiske nivåa skil seg frå kvarandre mellom anna i abstraksjonsgrad, som i fonologien tyder avstand eller skilnad frå det som er direkte observerbart. Vi skal skilje mellom tre fonologiske nivå, med det mest abstrakte øvst og det minst abstrakte nedst. Ulike fonologiske teoriar skil seg frå kvarandre både når det kor mange nivå dei postulerer og kva dei kallar nivåa.

Det morfofonologiske nivået[endre | endre wikiteksten]

På det morfofonologiske nivået har morfema i språket ein fonologisk unik representasjon, unnateke ved suppletivisme. Dette er med andre ord eit nivå der morfofonologiske vekslingar er abstrahert bort, primært vekslingar på fonologiske vilkår. Språklege einingar på det morfofonologiske nivået står mellom doble skråstrekar: //...//. (Bruken av doble skråstrekar er absolutt ikkje gjennomført i alle teoriar. I teoriar der ein ikkje opererer med eit fonemisk nivå, er det vanleg å nytte enkle skråstrekar.)
Eit tenkjeleg døme er det norske morfemet HØG (adj.), som opptrer i mellom anna desse tre variantane eller allomorfane (i søraustlandsk uttale):

  • /¹høːg/ - som i /æin ¹høːg ¹man/ ein høg mann
  • /¹høg/ - som i /¹høgd oːver ¹haːve/ høgd over havet
  • /¹høk/ - som i /æit ¹høkt ¹fjeɭ/ eit høgt fjell

På det morfofonologiske nivået har morfemet HØG (adj.) ein unik representasjon, til dømes //¹høːg//.

Det fonemiske nivået[endre | endre wikiteksten]

På det fonemiske nivået har fonema i språket ein unik representasjon. Dette er med andre ord eit nivå der allofonisk veksling er abstrahert bort. Språklege einingar på det fonemiske nivået står mellom enkle skråstrekar: /.../.
Eit døme er det norske fonemet /p/, som har mellom anna desse allofonane - truleg i alle målføre, jamvel om mange andre detaljar ved uttalen av spann, panne og nappe varierer:

  • [p] - som i [¹s̻pan̻] /¹span/ spann
  • [pʰ] - som i [²pʰan̻ˑɛ] /²pane/ panne
  • [pˑ] - som i [²n̻apˑɛ] /²nape/ nappe

På det fonologiske nivået er etter vanleg oppfatning /p/ den unike representasjonen til dette fonemet.

Det fonetiske nivået[endre | endre wikiteksten]

På det fonetiske nivået har allofonane i språket ein unik representasjon. Dette er med andre ord eit nivå der stort sett ikkje-observerbare fonetiske skilnader i uttalen av allofonar er abstrahert bort.
Eit døme er dei norske allofonane [pʰ] (som i [²pʰan̻ˑɛ] /²pane/ panne) og [pˑ] (som i [²n̻apˑɛ] /²nape/ nappe). Mellom anna varierer aspirasjonen på [pʰ] både i styrke og kvantitet frå ei brukshending til ei anna, og [pˑ] varierer òg i kvantitet frå ei brukshending til ei anna. Vi nyttar likevel dei unike representasjonane [pʰ] og [pˑ] for desse allofonane (somme skriv [pː] i staden for [pˑ]). Ein må med andre ord ikkje forveksle det fonetiske nivået med sjølve den konkrete talen i ei einskild brukshending.

Relasjonar mellom einingar på ulike og same nivå[endre | endre wikiteksten]

Einingane på dei tre nivåa står i relasjonar til kvarandre:

  • Ein allofon på det fonetiske nivået er ei realisering av eit fonem på det fonemiske nivået.
  • Ein allomorf på det fonemiske nivået er ei realisering av eit morfem på det morfofonologiske nivået.
  • To allofonar på det fonetiske nivået som er realiseringar av det same fonemet på det fonemiske nivået, står i ein relasjon til kvarande som blir kalla allofonisk veksling.
  • To allomorfar på det fonemiske nivået som er realiseringar av det same morfemet på det morfofonologiske nivået, står i ein relasjon til kvarandre som blir kalla morfofonologisk veksling.

I staden for nemninga veksling finn ein òg alternasjon.