Foreldrearbeidsutval

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Foreldrearbeidsutval eller Foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU) er ein del av grunnskulen og basert på foreldrerådet ved kvar einskild skule.

Det er lovpålagt at ein skal ha eit foreldreråd ved alle norske grunnskular. Alle foreldre som har barn i norsk grunnskule vert automatisk medlem i foreldrerådet ved den skulen der borna deira har skulegang.[1] Foreldrerådet vel eit foreldrearbeidsutval som er «styret» til foreldrerådet.[2]

I mange kommunar finst det eit kommunalt foreldreutval som foreldreutvalet er ein del av.

Føremål[endre | endre wikiteksten]

«Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape godt skolemiljø. [Ved å syrgje for] godt samhald mellom heimen og skolen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skolen og lokalsamfunnet.»[3] FAU skal samarbeide med dei tilsette ved skulen, elevrådet, foreldra ved skulen og eventuelt det kommunale foreldreutvalet dersom kommunen har det. FAU har mogleiken til å kome med råd og innspel til skulen, og fremje saker på eige initiativ.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova): Kapittel 11. Organ for brukarmedverknad i skolen» (på norsk bokmål). Lovdata. Henta 19. juni 2023. 
  2. «Foreldrerepresentanter i skolen», www.udir.no (på norsk bokmål), henta 19. juni 2023 
  3. «Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) – §11-4 andre ledd.», lovdata.no, henta 20. juni 2023 
  4. «Alt du trenger å vite om Foreldrerådets arbeidsutvalg (FAU)», Foreldreutvalget for grunnopplæringen (på norsk bokmål), 17. august 2022, henta 19. juni 2023 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]