Forfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 68°50′01″N 15°34′15″E

Botn av Forfjorden

Forfjorden er ein fjord langs kommunegrensa mellom Andøy og Sortland kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 6,5 km søraustover til Forfjorddalen i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Fornes i nord og Roksøya i sør. På nordsida av fjorden ligg gardane Fornes, Meby, og Forfjord, og på sørsida finn ein Vidbukta og Roksøya. Dei indre delane av fjorden og det meste av sørsida har myrlendte fjordsider.

Fylkesveg 82 går rundt fjorden.

Fjorden har fått namn etter førekomsten furu (lokal dialekt fora) som finst langs fjorden.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]