Formørking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Total solformørking i 1999.

Ein eklipse eller formørking er ei astronomisk hending der ein himmellekam for ein periode er formørka ved at han anten flyttar seg inn i skuggen til ein annan lekam, eller ved at ein annan lekam passerer mellom seg og det lysande objektet.

Omgrepet vert som oftast nytta som solformørking, der måneskuggen kryssar jordoverflata, eller ei måneformørking, der månen flyttar seg inn i jordskuggen. Det kan òg nyttast om andre hendingar enn jorda og månen, til dømes når ein planet kastar skugge på ein av månane sine. Ei dobbeltstjerne kan produsere formørkingar om omlaupsplanet til dei to stjernene kryssar synslinja til ein observatør.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]