Forsvarets logistikkorganisasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Forsvarets logistikkorganisasjon, FLO vart formelt oppretta 1. januar 2002 som samanslåing av tidlegare forsvarseiningar som Forsvarets Tele- og Datatjeneste (FTD), Hærens Forsyningskommando (HFK), tunge verkstadar og tilsvarande organisasjonar i andre forsvarsgreiner m.fl. Ved årsskiftet 2003/2004 vart FLO omorganisert frå å vere organisert etter forsvarsgrein (FLO/Sjø, FLO/Land, FLO/Luft, FLO/IKT) til ein prosessorganisert organisasjonsstruktur med divisjonar som: FLO/Investering, FLO/Materiell og FLO/Drift.

Frå og med 1. januar 2004 er FLO organisert i desse divisjonane i tillegg til ei lita konsernleiing:

  • Materiell
  • IKT
  • Drift
  • Tungt vedlikehald

FLO har om lag 6500 tilsette i følgje heimesida deira den 6. oktober 2004. For tida er FLO inne i ein omstillingsprosess der organisasjonen skal slankast ned til 5300 tilsette innan utgangen av 2005.

Engelsk nemning for FLO er Norwegian Defence Logistics Organization (NDLO).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]