Fotballaget Fart
Utsjånad
| Fotballaget Fart | |||
| | |||
| Skipa | 28. august 1934 | ||
|---|---|---|---|
| Kallenamn | Fart | ||
| Heimebane | Fartbana | ||
| Kapasitet | Ukjent | ||
| Liga | 1. divisjon fotball for kvinner | ||
| Land | Noreg | ||
| By | Vang kommune | ||
| Stad | Hamar kommune | ||
| Dagleg leiar | Mette Thorslund | ||
| |||
Fotballaget Fart er eit idrettslag heimehøyrande i Vang i Hamar kommune. Laget vart stifta i 1934 og har bak seg nokre få sesongar i toppserien i fotball for kvinner. Fart-laga spelar i raude trøyer og strømper, samt kvite bukser. Heimebana Fartbana ligg på Slemsrud i Vangsåsen.
Fart sitt kvinnelag deltok i toppserien 2009, 2012 og 2019. Alle sesongane enda med nedrykk, etter høvesvis 1, 0 og 2 poeng. Den einaste sigeren kom mot Stabæk IF 3. august 2019 i det som var Fart sin 55. kamp i toppserien.
Thorstein Helstad var aktiv for Fart i 1993-94, medan jamaldra Kristin Bekkevold spelte fem sesongar for Fart i 1990-åra.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Fotballaget Fart» frå Wikipedia på bokmål, den 11. mai 2024.