Frøemne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frøemne i eit fruktemne.

Frøemne (ovule), også kalla egg, er det unge frøanlegget til ein blome. Det sit festa som ein liten, vorteforma lekam på fruktblada.

Frøemnet består av frøemnekjernen (nucellus), som omsluttar ei større celle, embryosekken eller kimsekken. Frøemnekjernen er omgjeven av éi eller to frøemnehinner (integument). Desse sluttar ikkje heilt saman, men etterlét ei lita opning, frøemnemunnen (mikropyle). Frøemnet er ved frøemnestrengen (funiculus) festa til frøstolen (placenta) på fruktbladet. Staden på frøemnet der frøemnestrengen byrjar blir kalla navlen (hilum). Gjennom frøemnestrengen går det ein karstreng, som fører den nødvendige næringa til frøemnet. Hinnene og kjernen har eit felles utgangsparti, kjernefoten (chalaza).

Embryosekken er den viktigaste delen av frøemnet. Han inneheld eggcella, som alltid ligg i den enden som vender mot frøemnemunnen. Saman med eggcella finst eit par andre, små celler, synergidecellene. I den motsette enden av embryosekken ligg antipodecellene, medan midtdelen er fylt ut av frølkvitekjernen eller sentralkjernen. Alle cellene i embryosekken manglar cellevegg.

Etter befrukting utvikler eggcella seg til eit lite planteembryo, groen, medan synergide- og antipodecellene går til grunne. Embryosekken blir fylt med frølvite, danna ved delingar av frøhvitekjernen, og frøemnehinnene blir omdanna til frøskal. Då er frøemnet blitt til eit frø.

Frøemnet kan ha ulik form og kan ha namn etter dette. Er det rett, og navlen ligg motsett frøemnemunnen, blir det kalla rett (atropt eller ortotropt); ligg frøemnemunnen og navlen ved sidan av kvarandre, er frøemnet omvendt (anatropt), medan det blir kalla krumt (kampylotropt) om både frøemnemunnen, navlen og kjernefoten ligg ved sidan av kvarandre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]