Frøkappe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Barlind utviklar ei tjukk raud frøkappe. Ho byrjer som eit lite grønt band ved frøfestet og blir brun og så raud samtidig som ho veks rundt frøet.

Frøkappe (aril eller arillus) er eit kjøtfullt hylster som dekkjer frøet til ein plante meir eller mindre fullstendig. Det blir danna av frøemnestrengen (funiculus) og kan danna ein fruktliknande som kan vera fargesterk og velsmakande for visse artar. Ho speler ei rolle ved frøspreiinga, til dømes som mat for fuglar.[1]

Fleire dekkfrøplantar utviklar frøkappe, til dømes litchi, longan og ackee, som kan etast av menneske. Ein del nakenfrøingar utviklar frøkappe. Hjå mellom anna barlind, spolebusk og muskatnøtt-treet er ho særskild utvikla. Det newzealandske bartreet kahikatea (Dacrycarpus dacrydioides) har ei frøkappe som blei kalla koroi av maoriar og brukt til mat.[2][3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Frø: botanikk», Store norske leksikon, 9. mars 2012, https://snl.no/fr%C3%B8%2Fbotanikk, henta 4. februar 2017 
  2. «Dacrycarpus dacrydioides (kahikatea) description». conifers.org. 2011. http://www.conifers.org/po/Dacrycarpus_dacrydioides.php. Henta 10 September 2011. «'The small fruit (koroi) are superabundant and highly nutritious. The birds ate them and flocked for miles to do so.» 
  3. «Kahikatea, Dacrycarpus». web.auckland.ac.nz. 2011. http://web.auckland.ac.nz/uoa/science/about/departments/sbs/newzealandplants/maoriuses/food/conifers/kahikatea-dacrycarpus.cfm. Henta 10 September 2011. «The juicy, swollen, red stalk which holds the seed is known as koroi.»