Francisco de Hoces

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Francisco de Hoces
Statsborgarskap Spania
Fødd 15. hundreåret
Død

januar 1526
Stillehavet

Yrke oppdagar, sjøfolk
Språk spansk

Francisco de Hoces (d. 1526) var ein spansk sjøfarar.

I 1525 vart de Hoces med som kommandør på skipet «San Lesmes» i ekspedisjonen til landsmannen García Jofre de Loaísa. Ekspedisjonen segla vestover, og målet var Krydderøyane i dagens Indonesia.

I januar 1526 vart «San Lesmes» teken sørover med vinden frå den austlege opninga av Magellansundet. Skipet enda på 56ºS, der mannskapet trudde dei såg slutten på landet. Vanlegvis har ein forstått dette som at dei såg ope vatn vestover, bortanfor det sørlegaste neset av anten Estados-øya eller Storøya i Eldlandet. Uansett trudde dei at dei såg ope vatn mellom Atlanterhavet og Stillehavet sør for Eldlandet, og difor trekte dei denne slutninga tidlegare enn Francis Drake, som har fått Drakesundet oppkalla etter seg. Enkelte spanske, argentinske og chilenske historikarar meiner at sundet i staden bør kallast Mar de Hoces - «Hoces-sjøen».

Etter at ekspedisjonen nådde Stillehavet gjennom Magellansundet, vart flåten spreidd av ein ny kraftig vind. «San Lesmes» vart sett for siste gong i mai 1526. Det er usikkert kva som til slutt hende med dette skipet, men nokre meiner at det kan ha nådd Påskeøya, andre øyar i Polynesia eller til og med New Zealand. Den australske forfattaren Robert Langdon skreiv om denne historia i bøkene sine, og historia har også vorte filmatisert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]