Frank Debenham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frank Debenham i Antarktis.

Frank Debenham (fødd 26. desember 1883 i Bowral i New South Wales, Australia, død 23. november 1965 i Cambridge) var ein australsk geolog og geograf.

Han vart utdanna ved University of Sydney, der han studerte geologi under Edgeworth David. Han var éin av tre geologar som deltok på Terra Nova-ekspedisjonen (1910–1913) under leiing av Robert F. Scott. Frå januar til mars 1911 utforska han saman med Thomas Griffith Taylor, Charles Wright og Edgar Evans dei vestlege fjella i Victoria Land. Han kunne ikkje dalta på den lagnadstunge sørpolferda, då han hadde skadd kneet under fotballsparking på snøen. For innsatsen sin i Antarktis vart han tildelt den britiske Polarmedaljen.

Under første verdskrigen deltok han i infanteriet. Han tente i Frankrike og Thessaloniki, og vart alvorleg skadd i 1916. I 1919 vart han tildelt Ordar of the British Empire.

Han var ubetalt direktør ved Scott Polar Research Institute, som han var med å stifte, frå 1920 til 1946. Frå 1931 var han professor i geografi ved University of Cambridge. Han var visepresident i Royal Geographical Society frå 1951 til 1953 og mottok selskapet sitt Victoria Medal i 1948.[1]

Debenham skreiv mange bøker om geografi. Memoarane hans frå Antarktis, The Quiet Land – The Diaries of Frank Debenham, vart publisert i 1992.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Biografi Australian Dictionary of Biography