Frank Langballe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Frank Langballe er ein figur i den litterære verda som av den britiske forfattaren J.K. Rowling har skapt om Harry Potter og skulegangen på Galtvort. Han er far til Nilus Langballe, ein student i Griffing ved Galtvort i same årskull som Harry Potter.

Frank og Alinda Langballe vart torturert til sinnssjukdom av ei gruppe dødsetarar leia av Bellatrix DeMons, noko som førte til at Nilus måtte bu hjå bestemor si medan foreldra vart sende til St. Mungos hospital for magiske sjukdomar og skader, der dei har vore sidan. Dette vart skildra som ei av tidas mest forferdelege brotsverk, spesielt sidan Alinda og Frank var veldig populære. Frank var ein av dei beste svartspanarane Magidepartementet hadde, men han hugsar ingenting seinare, og er sinnssjuk.

Frank sin tryllestav vart nytta av Nilus medan han gjekk på Galtvort, heilt til han knekte i Harry Potter og Føniksordenen, då han var med i kampen i Magidepartementet.

Ein trur at Frank er nokre få år eldre enn Jakob og Lilly Potter, sjølv om Rowling ikkje har stadfesta dette.

I filmen Harry Potter og Føniksordenen blir Frank Langballe spelt av James Payton.