Franka Dietzsch
| Franka Dietzsch | |
| Statsborgarskap | Tyskland, Den tyske demokratiske republikken |
| Fødd | 22. januar 1968 (58 år) Wolgast |
| Idrett | friidrett |
| Tok del i | Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1992 |
Franka Dietzsch (fødd 22. januar 1968) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Wolgast i Mecklenburg-Vorpommern som tevla i diskoskasting for Aust-Tyskland og seinare Tyskland. Ho vart verdsmeister i diskoskast i 1999, 2005 og 2007, og europameister i 1998. Hennar personlege rekord frå 1999 er på 69,51 m.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Allereie i 1987, 19 år gammal, kasta Dietzsch 66,34 meter ved eit stemne i Saint-Denis. To år seinare forbetra ho den personlege rekorden til 68,26 m i Neubrandenburg. Trass i slike prestasjonar, fekk ho ikkje delta i internasjonale meisterskap, då Aust-Tyskland òg hadde diskoskastarar som Martina Hellmann, Diana Gansky og Ilke Wyludda.
Etter staten Aust-Tyskland slutta eksistere i 1990, kasta Dietszch åra 1991–95 aldri lenger enn 63,60 meter. Så i dei internasjonale meisterskapane lukkast ho ikkje ta del i medaljestrid. Frå 1996 kom ho tilbake til sitt gamle toppnivå, og vart nummer 4 i Atlanta-OL. I august 1998 vann ho gullmedaljen ved europameisterskapen i Budapest, og ho forbetra deretter sitt personbeste diskoskast til 68,91 m i tyske Stendal. Seinare i sesongen sigra ho i verdsfinalen i friidrett.
8. mai 1999 i Wiesbaden presterte Dietszch livsbeste 69,51 meter. Ved verdsmeisterskapen i Sevilla vann ho det fyrste av tre VM-gull. Frå dei neste store internasjonale friidretts-tevlingane, Sommar-OL i 2000 og i Sydney og friidretts-VM 2001 i Edmonton, reiste ho heim utan medalje.
Under verdsmeisterskapen 2005 i Helsinki stod ho for dei fire lengste kasta i tevlinga, som best nådde ho 66,56 m. Ho var favoritt til å vinne diskoskastinga ved friidretts-EM 2006, men 64,35 m heldt einast til sølvmedalje. Derimot tok ho fyrsteplassen i verdsfinalen i Aten med 66,07 m.
I mai 2007, Dietzsch sin siste sesong på topp, presterte ho årsbeste 68,06 m i Halle an der Saale. Tre månader seinare var ho suveren då VM-finalen vart avvikla i Osaka, vinnarkastet på 66,61 meter kom i den fyrste omgangen. Dermed tok ho si tredje gullmedalje i ein verdsmeistaskap.
Dietzsch var tysk meister i diskoskasting 1997–2001 og 2003–07.
Ho la opp i 2009.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- VM 1991 i Tokyo: Utslått i kvalifiseringa (59,16 m=nr 13)
- OL 1992 i Barcelona: Nr 12 – 60,24 m
- VM 1993 i Stuttgart: Nr 8 – 62,06 m
- EM 1994 i Helsinki: Nr 9 – 59,18 m
- VM 1995 i Göteborg: Nr 7 – 61,28 m
- OL 1996 i Atlanta: Nr 4 – 65,48 m
- VM 1997 i Aten: -
- EM 1998 i Budapest: Gullmedalje – 67,49 m, framom Natalja Sadova (66,94 m)
- VM 1999 i Sevilla: Gullmedalje – 68,14 m, framom Anastasia Kelesidou (66,05 m)
- OL 2000 i Sydney: Nr 6 – 63,18 m
- VM 2001 i Edmonton: Nr 4 – 65,38 m
- VM 2003 i Paris: Utslått i kvalifiseringa (59,77 m=nr 13)
- OL 2004 i Aten: Utslått i kvalifiseringa (58,12 m=nr 27)
- VM 2005 i Helsinki: Gullmedalje – 66,56 m, framom Natalja Sadova (64,33 m)
- EM 2006 i Göteborg: Sølvmedalje – 64,35 m, Darja Pisjtsjalnikova (65,55 m)
- VM 2007 i Osaka: Gullmedalje – 66,61 m
- VM 2009 i Berlin: Utslått i kvalifiseringa (58,44 m=nr 23)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Franka Dietzsch» frå Wikipedia på tysk, den 1. oktober 2014.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1968
- Tyske diskoskastarar
- Austtyske idrettsutøvarar
- Europameistrar i friidrett for Tyskland
- Verdsmeistrar i friidrett
- Tyske deltakarar under sommar-OL 1992
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992
- Tyske deltakarar under sommar-OL 1996
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996
- Tyske deltakarar under sommar-OL 2000
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000
- Tyske deltakarar under sommar-OL 2004
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004