Fredrik Scheel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fredrik Scheel
AndreasFredrikGrønScheel-OB.F06455c.jpg
Fødd 25. februar 1886
Død

24. juni 1932

Yrke historikar

Andreas Fredrik Grøn Scheel (25. februar 188624. juni 1932) var ein norsk historikar og statsarkivar frå Kristiania. Han var son av høgsterettsassessor Anton Vilhelm Rosing Scheel og Dorothea Margrethe Grøn.

Fredrik Scheel tok studenteksamen i 1904 og vart cand. philol. i 1909. Som historikar arbeida han særleg med tre fagfelt. Han skreiv hovudfagsoppgåva si om "Orknøerne og Hjaltland i pantsættelsestiden 1468-1667", (trykt i NHT 1911), og interessa for dei gamle norske "bilanda" heldt seg, og i tida like før han døydde heldt han på med det færøyiske lagtings historie. Han var interessert i rettshistorie, og tok doktorgraden i 1924 på ei avhandling om "Lagmann og skriver", om endringane ved overgangen frå Mellomalderen til den nyare tid. Fredrik Scheel stod sentralt i arbeidet med den norske Sjøfartshistoria, og skreiv "Fra Napoleonskrigen til navigationsaktens ophævelse", og var redaktør for Arendals historie.

Fredrik Scheel var lærar 1910-1912, vart amanuensis ved Riksarkivet i 1915, og vart utnemnd til stiftsarkivar (statsarkivar) då Statsarkivet i Hamar vart oppretta i 1917. Han vart utnemnd til statsarkivar i Oslo i 1922. Dagboka hans frå tida som statsarkivar i Hamar vart publisert då arkivet markerte 70-årsjubileum i 1987.

Fredrik Scheel utmerka seg som ein svært arbeidssam, produktiv, allsidig og særdeles hjelpsam arkivmann. Han arbeida med fleire kjeldeutgåver, og var utgjevar av 3. rekke av Norske Herredags Dombøger.

Publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Orknøerne og Hjaltland i pantsættelsestiden 1468-1667, hovudfagsoppgåve 1909, trykt NHT 1911.
  • Regnskap over skibsskatten aar 1563 / utgit og forsynet med indledning og anmerkninger av Alexander Bugge og Fredrik Scheel, 1917.
  • Liste over dem som betalte leding i Trondhjems by i aaret 1548 : efter Kristofer Galles register / utgit og forsynet med indledning og anmerkninger av Alexander Bugge og Fredrik Scheel, 1917.
  • Lagmann og skriver : rettsliv i Norge i det 16de og 17de århundre, doktoravhandling, 1923.
  • Arendal fra fortid til nutid : utgit ved byens 200-aars jubileum som kjøbstad 7. mai 1923, Fredrik Scheel redaktør, 1923.
  • Afsigtsbog for 1637 / ved Fr. Scheel, 1932.
  • Afsigtsbog for 1641 / ved Fr. Scheel, 1932.
  • Norges og de andre nordiske rikers historie : lærebok for gymnasiet, ved Fredrik Scheel og Fredrik Chr. Wildhagen, 1932.
  • Statsarkivar Fredrik Scheels dagbok : 23.7.1917-22.10.1921, 1987.