Freistingsfjellet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Freistingsfjellet i 1910

Freistingsfjellet er sagt å vere fjellet i Judeaørkenen der Jesus var freista av djevelen (Matteus 4,8). Det eigentlege fjellet er ukjend og umogeleg å avgjere. Det vert likevel generelt rekna for å vere Quarantania, eit fjell som er 366 meter høgt, og ligg 11 km nordvest for JerikoVestbreidda.

Gammalt postkort

På fjellet ligg det gresk-ortodokse Freistingsfjellet kloster eller «Qarantal». Oppom Qarantal, på toppen av klippa, står ein mur, som er ruinane etter ei hashemoneisk festning kalla Dok – Dagon.

I 1998 vart det bygde ein 1300 meter lang kabelvogn frå Tel Sultan i Jeriko til klosteret som ein turistattraksjon.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jeriko cable car