Frida Orupabo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frida Orupabo
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1986 (38 år)
Sarpsborg kommune
Yrke kunstnar

Frida Orupabo (fødd 1986) er ein norsk kunstnar som er kjend for fysiske og digitale kollasjar.

Kunstnarkarrieren starta då Instagram-kontoen hennar nemiepeba vart oppdaga av videokunstnaren Arthur Jafa, som synte verk av Orupabo i ein utstilling ved Serpentine Gallery i London i 2017.[1] I 2019 var ho ein av dei 79 kunstnarane i utstillinga May You Live in Interesting TimesVeneziabiennalen, som vart kuratert av Ralph Rugoff.[2] Eit av verka hennar frå biennalen, «Untitled», vart kjøpt inn av Nasjonalmuseet.[3] I verket er bildeelement montert med splittbinders, ein teknikk som Orupabo ofte nyttar.

Kunstnaren utforskar det politiske og det personlege, både i historia og samtida, i verka sine, og tema er ofte etnisitet, hudfarge, kjønn, seksualitet eller samfunnslag.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Frida fra Sarpsborg stiller ut i verdenskjente gallerier». Sarpsborg Arbeiderblad. 06.08.2018. 
  2. «Norske kunstnere er representert under verdens viktigste utstilling. Slik viser de seg fram». Dagsavisen (på norsk). 19. mai 2019. Henta 6. mars 2024. 
  3. «Verket «Untitled» i Nasjonalmuseets samling.». Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. Henta 5. mars 2024. 
  4. «Frida Orupabo og historien vi bærer med oss.». Videointervju med Frida Orupabo publisert i Nasjonalmuseets YouTube-kanal. Henta 6. mars 2024. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Nettstader
Litteratur
  • Hessler, Stefanie; Olufemi, Lola; Russell, Legacy. Frida Orupabo. London: Sternberg Press. ISBN 9783956796234. 
    Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.