Frigjeringsdagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Frigjeringsdagen er i Noreg dagen da dei tyske militære styrkane her i landet kapitulerte etter den nazi-tyske okkupasjonen, 8. mai 1945. Det stod tre hundre tusen tyske soldatar på norsk jord, og dersom dei hadde måtta bli nedkjempa militært, kunne det vorte ei blodig sak. Fredsutbrotet blei likevel heilt fredeleg, ettersom soldatane kapitulerte på ordre frå den nye tyske presidenten, Karl Dönitz.

8. mai er også rekna som frigjeringsdagen eller fredsdagen i Sentral-Europa, mens ein i det tidlegare Sovjetunionen feirar sigeren over Hitler-Tyskland i den andre verdskrigen 9. mai.