Fuge i g-moll, BWV 1000
BWV 1000 Fuge av Johann Sebastian Bach | |
Sjanger | Kammermusikk |
---|---|
Periode | Barokken |
Komponert | 1720-åra |
Publiseringsdato | 1982 |
Typisk lengd | 05:37 |
Fuge for lutt i g-moll er eit musikkverk for lutt, komponert av Johann Sebastian Bach kort tid før han flytta frå Köthen til Leipzig i 1723. Verket har BWV-nummer 1000.
Opphav[endre | endre wikiteksten]
Bach tok den andre satsen frå Sonate No. 1 i g-moll for fiolin, BWV 1001, skriven i 1720 og omarbeidde det for lutt. Det opphavlege manuskript finst ikkje lenger, men det finst ein kopi frå denne tida, kanskje laga av lutt-venen til Bach, Christian Weyrauch.
I dag vert stykket vanlegvis framført på gitar.[1]
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Fugue in G minor, BWV 1000» frå Wikipedia på engelsk, den 26. april 2010.