Fylkesveg 203 i Vest-Agder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå òg fylkesveg 203 (fleirtyding).

Fylkesveg 203 i Vest-Agder (Tregdevegen) går mellom E 39 på Ime og fylkesveg 204 i Harkmark i Mandal kommune. Vegen er 12,9 km lang.

Vegen er ein tilrådd sykkelveg og går i eit idyllisk landskap frå Ime og Jåbekk industriområde, der sykkelstigen langs vegen sluttar. Etter vel to kilometer passerer vegen Brennevinsmyra Miljøpark (innkjørsel frå Skjernøyvegen). Når vegen etter vel fire kilometer kjem til sjøen, finn ein Skagerrak Feriesenter Tregde like før ein kjem fram til sjølve Tregde. Deretter held vegen fram like i sjøkanten forbi Skogsøy til Eigebrekk og vidare til Harkmark kyrkje.

Til Tregdevegen ligg det svært mange hytter, noko som gjer at trafikken om sommaren er svært stor. Sidan vegen er smal, er det prioritert av Mandal kommune få lagt til sykkelstig på vegen.

Kommunar og knutepunkt[endre | endre wikiteksten]

Mandal komm.svg Mandal

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]