Fylkesveg 354 i Møre og Romsdal
- Sjå òg fylkesveg 354 (fleirtyding).
Fylkesveg 354 i Møre og Romsdal går mellom Leirvika og Hestnes i Valsøyfjorden i Halsa kommune. Vegen er 17,0 km lang.
Vegen går rundt Valsøyfjorden, og var tidlegare del av E 39. E 39 er no lagt over fjorden på bruer.
Kommunar og knutepunkt[endre | endre wikiteksten]
- Leirvika
- Leirviktunnelen (165 m)
- Fjærlia
- Kalvikhammartunnelen (75 m)
- Hegerbergtunnelen (261 m)
- Valsøybotn
- Sæter
- Hjellnes
- Gildehammartunnelen (70 m)
- Enge
- Hestnes