Hopp til innhald

Fylkesveg 5699

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fylkesveg 5699 i Vestland fylke går mellom Stavang og og Skutevågen i Flora kommune. Vegen er 9,2 km lang. Fram til 2019 hadde vegen nemninga Fylkesveg 547 i Sogn og Fjordane.[1]

Fylkesveg 5699 vart bygd for å knyte Stavøya til fastlandet, og opna den 3. november 1990 som ny veg mellom Fylkesveg 611 i Stavang og Hellevik, og ny bru Stongasundet bru over Stongasundet til Skipavika i Stavøy. I Skipavika møtte fylkesvegen eksisterande kommunal veg frå Ramsgrø ferjekai til Stavøyvågen og Skutevågen. I 1998 vart den kommunale vegen mellom Skipavika og Indre Stavøyvågen innlema i fylkesvegen, og i 2006 vart heile vegen fram til Skutevågen del av Fylkesveg 5699.

Kommunar og knutepunkt

[endre | endre wikiteksten]

Kinn

Stavøyvegen

  • 611 Åsen i Stavang
  • Hellevik
  • bru Stongasundet bru (173 m)
  • Skipsvika → kommunal veg til gamle Ramsgrø ferjekai (200 m)
  • Indre Stavøyvågen → kommunal veg Storøyvegen til Storøy (650 m)
  • Stavøy (bygd)
  • Troberget → kommunal veg til Langøysundet (750 m)
  • Skutevågen → privat veg til Vikaneset
  • Endepunkt Skutevågen snuplass
  1. «Endringer i vegnettet 2019». Vegvesenet. 27. september 2019. Henta 4. august 2022. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]