Fysisk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fysisk geografi er ei grein av geografi som tek for seg korleis fysiske krefter verker inn på og endrer tilhøva på jordoverflaten, i havet og i lufta. I ein snever forstand kan det visa til læra om jorda sine former og utviklinga deira i felt som geomorfologi, glasiologi, klimatologi og hydrologi, og ha mykje til felles med geologi. I svært vid forstand kan det vera om lag det same som naturgeografi, som også omfattar biogeografi.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Fysisk geografi» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 28. november 2014.
  • «Geografi» (16. oktober 2012), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 28. november 2014.
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.