Gåsværfjorden i Herøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 66°1′3.8604″N 12°0′26.532″E

Gåsværfjorden med Varøya og fjella sju søstre i bakgrunnen

Gåsværfjorden er ein fjord i Herøy kommune i Nordland. Fjorden ligg på sørsida av øygruppa Gåsvær, som han er kalla opp etter, og nord for holmane Steinan. Fjorden har ei lengd på om lag 5 km frå sørvest til nordaust.

I vest ligg nokre spreidde holmar og småøyar mellom fjorden og Norskehavet. I vest grenser fjorden til Oddfjorden som skil han frå Sildøyfjorden som held fram austover.