Günz
Günz | |||
elv | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 710 km² | ||
Lengd | 55 km | ||
Kjelde | Lauben | ||
Munning | Donau | ||
![]() Günz | |||
Wikimedia Commons: Günz | |||
Günz er ei elv i Bayern sør i Tyskland, og ei av sideelvane til Donau frå høgre. Den om lag 55 km lange elva har sitt utspring ved Lauben der den vestlege og den austlege Günz renn i hop. Desse elvane er 30 og 35 km lange og har sine utspring ved Obergünzburg i kommunen Untrasried (westliche Günz) og søraust for Günzach (östliche Günz). Ved Günzburg munnar Günz ut i Donau.
Günz har eit nedslagsfelt på 710 km².
Günz har gjeve namn til Günzistida.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Günz» frå Wikipedia på tysk, den 7. juni 2007.