GIER

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

GIER (Geodætisk Instituts Elektroniske Regnemaskine) er ei datamaskin som vart produsert av det danske firmaet Dansk Regnecentral frå byrjinga av 1960-talet. Namnet kom av at det fyrste eksemplaret av maskina vart levert til Geodætisk Institut.

Ho var ei såkalla andregenerasjons reknemaskin fordi ho var basert på transistorar i staden for røyr. Arbeidsminnet var eit ferrittlager med 1024 maskinord på 42 bit. Ho arbeidde med virtuelt minne, ein magnettrommel vart brukt som bakgrunnslager.

Maskina vart programmert i GIER Algol eller assemblerspråket SLIP, holband av papir var eit vanleg lagringsmedium. Ho hadde ikkje noko permanent minne, når ho skulle startast måtte dei fyrste instruksjonane (3 maskinord á 42 bit) difor tastast inn bit for bit manuelt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: GIER