Hopp til innhald

GIMPS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Logo av GIMPS

GIMPS, The Great Internet Mersenne Prime Search, er eit forskingsprosjekt i matematikk. Målsetjinga til prosjektet er å finne store mersenneprimtal med hjelp frå programvara Prime95 og MPrime og bruk av distribuert datahandsaming.

Fram til september 2006 har prosjektet vore framgangsrikt og har lukkast med å oppdage ti mersenneprimtal, alle var òg største kjente primtalet då det vart oppdaga. Per 4. september 2006 er det største primtalet 232 582 657  1 (eller kort M32582657). Dermed er begge dei siste to mersenneprimtala funne med hjelp frå 700 samanbundne datamaskinar under kontroll av Steven Boone og Curtis Cooper ved Central Missouri State University i USA.

Sidan juni 2006 har GIMPS hatt ein gjennomstraum av over 20 teraflops, som gjer GIMPS til ein av dei mest kraftfulle superdatamaskinane i verda.

Sjølv om programvara for GIMPS er open kjeldekode, er han ikkje teknisk sett fri programvare ettersom det finst restriksjonar som gjeld prisutdeling som brukarane må følgje. Etter at Electronic Frontier Foundation har delt ut Cooperative Computing Awards-prisane er likevel restriksjonane utan verknad.

Oversikt over primtal som er oppdaga

[endre | endre wikiteksten]

Ein kan skrive primtal på forma Mn, der n er eksponenten. Sjølve primtalet er 2n  1, til dømes det første primtalet i tabellen under er 232 582 657  1.

Dato for oppdagingPrimtalSiffer
4. september 2006 Arkivert 2006-11-03 ved Wayback Machine.M325826579808358
15. desember 2005M304024579152052
18. februar 2005M259649517816230
15. mai 2004M240365837235733
17. november 2003M209960116320430
14. november 2001M134669174053946
1. juni 1999M69725932098960
27. januar 1998M3021377909526
24. august 1997M2976221895932
13. november 1996M1398269420921

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]