Gallipoli i Italia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gallipoli, med utsyn mot nybyen

Gallipoli er ein hamneby og ein kommune i provinsen Lecce i regionen Puglia i Italia. Kommunen har 20 000 ibuarar (2012) og eit areal på 40,4 km².

Hamnebyen Gallipoli ligg ved Tarantobukta. Han består av gamlebyen, bygt på ei kalksteinsøy, og den nye byen, bygt på fastlandet. Næringslivet er i fyrste rekke basert på fiskeri og turisme.

Byen vart grunnlagd av greske nybyggjarar som Kallipolis, og var såleis del av Magna Graecia. Romarriket erobra byen i 266 f.Kr., på 1000-talet e.Kr. vart han normannisk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]