Geographic Names Information System

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Geographic Names Information System (GNIS) er eit stadnamnregister som inneheld namn og plasseringa til kring to millionar fysiske og kulturelle stader gjennom heile USA og dei USA-amerikanske territoria. Det er eit slags atlasregister. GNIS vart utvikla av United States Geological Survey i samarbeid med United States Board on Geographic Names (BGN) for å fremje standardisering av stadnamn.

Registeret er ein del av eit system som omfattar topografiske kartnamn og bibliografiske referansar. Namn på bøker og historiske kart som stadfestar kjennemerket eller staden er nemnt. Variantar av namna, alternativ til offisielle namn er òg nemnt. Databasen fjernar aldri ei oppføring, «utanom i tilfelle med opplagt duplisering»[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Cartographic Users Advisory Council (CUAC) (April 26–27, 2007). «2007 Agency Presentation Minutes». Reston, VA: US Geological Survey. http://cuac.wustl.edu/annualmtg2007.htm. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]