Hopp til innhald

Georgetown i Guyana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Georgetown
hovudstad
Klokka på Stabroek-marknaden i Georgetown.
Land  Guyana
Areal 147,6 km²
Folketal 235 017 (2024)[1]
Kart
Georgetown
6°48′21″N 58°09′03″W / 6.8058333333333°N 58.150833333333°W / 6.8058333333333; -58.150833333333
Wikimedia Commons: Georgetown, Guyana

Georgetown er den største byen og hovudstaden i Guyana. I 2024 hadde byen om lag 235 000 innbyggjarar, og ligg ved utlaupet til elva Demerara ved Atlanterhavet. Byen ligg under havnivået og er verna av dike. Brorparten av handelen i landet går gjennom hamna i byen. Her finst tekstilindustri, sukkerfabrikkar og det vert fiska etter reker. Byen er endepunktet for to jarnbanestrekkjer langs kysten og har eit universitet frå 1963.[2]

Georgetown vart grunnlagd av britar i 1781. Byen vart seinare okkupert av franskmenn og nederlendarar fram til 1812. I byen er det ei anglikansk domkyrkja i tre frå 1889, og er med ei høgd på 44 meter mellom dei høgste trebygningane i verda.[2]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Georgetown i Guyana