Gerda Kraan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gerda Kraan
Gerda Kraan 1961.jpg
Gerda Kraan i 1961
Fødd 30. juli 1933
Leiden
Yrke mellomdistanseløper, friidrettsutøvar
Gerda Kraan på Commons

Gerda Kraan, eigentleg Gerarda Maria Kraan (fødd 30. juli 1933), er ein nederlandsk tidlegare friidrettsutøvar frå Leiden. Ho vart europameister på 800 meter i 1962.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kraan sette nasjonal rekord på 800 m i 1958 med tida 2.16,6. Sesongen etter forbetra ho rekorden med åtte sekundar og vann sitt fyrste nederlandske meisterskap. Etter ho forsvarte meistertittelen på 800 m i 1960, deltok ho på distansen under Sommar-OL 1960 i Roma, men rauk ui kvalifiseringa.

To år seinare var ho i sitt livs form. Finalen på 800-meteren ved europameisterskapen 1962 i Beograd gjekk i stor fart. På oppløpsida var Kraan heilt suveren, dei andre medaljevinnarane kom i mål over to sekundar bak. Vinnartida 2.02,8 var ny europarekord. Same sesongen sette Kraan nederlandsk rekord også på 400 m, tid 53,7 sekundar. Både 400 m- og 800-meterrekorden var landsrekordar til 1968.

Også under dei olympiske sommarleikane 1964 i Tokyo nådde Kraan 800-meterfinalen. Atter gjekk finalen i rekordfart, her utan at Kraan kunne halde fylgje med teten. Sluttida 2.05,8 heldt til sjuandeplass, medan britiske Ann Packer vann på verdsrekordtida 2.01,1.

Kraan vart nederlandsk meister på 800 meter frå 1959 til -63, i 1961 også på 400 meter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]