Gillette Castle State Park

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gillette Castle State Park
delstatspark
Land  USA
Stat Connecticut
Kart
Gillette Castle State Park
41°25′25″N 72°25′53″W / 41.423611°N 72.431389°W / 41.423611; -72.431389
Wikimedia Commons: Gillette Castle State Park

Gillette Castle State Park er ein delstatspark i Connecticut i USA, som ligg kring Gillette Castle høgt over Connecticut-elva i byane East Haddam og Lyme. Den slottsaktige bygningen blei utforma og bygd av William Gillette (1853-1937), ein amerikansk skodespelar som er best kjend for å spela Sherlock Holmes på scenen. Gillette budde på staden frå 1919 til han døydde i 1937.[1] Delstaten Connecticut kjøpte eigedommen i 1943 for 29 000 dollar.[2][3]

Parken ligg ved River Road 67 i East Haddam og består av slottet (som ligg i Lyme) og eigedommen rundt. Han får kring 350 000 vitjande kvart år.[1] Parken opna igjen i 2002 etter ein fire år lang restaurasjon som kosta 11 millionar dollar. Han hadde no eit besøkssenter og museum, turstiat og eit piknikområde.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bygningen reist av William Gillette, kalla Seventh Sister og omdøypt til «Gillette Castle» av Connecticut State i 1943,[5][6] blei bygd mellom 1914 og 1919 med eit tilbygg ferdigstilt i 1924.[7] Det ligg på ein 184 hektar (74 ) stor eigedom på toppen av den sørlegaste delen av ei åsrekkje kjend som Seven Sisters. Gillette døydde utan å etterlata seg kone eller barn, og testamentet hans forbaud at heimen hans skulle eigast av ein «blithering sap-head who has no conception of where he is or with what surrounded». Connecticut tok over eigedommen i 1943, og gav han namnet Gillette Castle State Park. Han blei lagt til det nasjonale registeret for historiske stader i 1986.[8][9]

Gillette hadde opphavleg planlagt å byggja staden han skulle tilbringa pensjonistlivet sitt ved på Long Island, men oppdaga Seven Sisters-klippene då han kryssa Connecticut-elva i husbåten sin «Aunt Polly».[2][3][5][10]

Gillette designa huset sjølv og oversåg bygginga.[6] Byggearbeidet blei utført av Porteus-Walker Company, ei verksemd basert i Hartford i Connecticut grunnlagt av ein barndomsvenn av Gillette, Robert Porteus.[9] Bygningen er blitt skildra som å vera utforma i ein mellomaldergotisk stil, som eit «amerikansk eventyr» med europeisk islett, eller som «ei merkeleg blanding av viktoriansk og arts and crafts».[1][2] Bygget blei også omtalt som «Gillette's Folly».[3]

Bygget har tre etasjar pluss tårn, 24 rom, og ei golvflate på 14 000 kvadratmeter. Det er bygd i tre, sement og naturstein frå Connecticut, halde oppe av ei stålramme.[9][1][6][11][12] Den utvendige delen av huset er dekka av naturstein .[9] Treverket i huset er handskoren kviteik.[6][5] Nokre stadar blei bjelkane sette rett inn i steina, berre forankra av sement.[12] Særleg veggane blei bygde på ein måte liknande ein teaterscene, utan støttebjelkar eller mørtel på viktige stadar.[12] Det er blitt omtalt som eit under at bygningen ikkje fall saman før han seinare blei restaurert og sikra for fleire millionar dollar.[12] Isolasjon i bygget var mellom anna tang og papir.[2] Det tok 20 arbeidarar frå 1914 til 1919 (5 år) å fullføra bygginga, som totalt kosta over 1 million dollar på den tida.[3][6][3] Gillette budde i huset i desse åra, og han leidde og oversåg ei mengd utsmykkingar utført av lokale handverkarar.[6]

Interiørstilen speglar craftsman-estetikken som blei utbreidd av Gustave Stickley.[9] Det finst ei rekkje særeigenheiter inne i huset som var personleg utforma av Gillette og som blir sagt å vera døme på hans «kreative geni».[6] Dei inkluderer:

  • 47 unike dører og dørlåsar i heile slottet.[12] Kvar dør har ein steampunk-liknande lås som er skoren ut av tre.[6][5] Låsane er kunstferdig utforma slik at det å låsa opp desse dørane er ei spanande utfordring.[11][12]
  • Unike møblar som innebygde sofaer og eit rørleg bord på skjener.[5][6]
  • Lysbrytarar i utskore tre.[6]
  • Ein stor balkong i den øvre etasjen som går rundt hovudrommet nedanfor.[13] Veggene i andre etasje er svært låge. Dette arkitektoniske trekket kan teoretisk sett ha blitt brukt til å gjera at Gillette verka høgare for gjestane sine som såg opp på han frå underetasjen.[2]
  • Ein handskoren bar, opna med ein hemmeleg lås.[12]
  • Ei rad speglar over den store salen som gjorde at Gillette kunne sjå på gjester frå soverommet sitt. Dette designeet trur ein hjelpte han til å spionera på gjestene og tre fram med dramatisk effekt.[5][11][12]
  • Et brannsløkkingssystem[5] komplett med vasstårn som er integrert i utforminga av huset, som gjev vatn til eit unikt manuelt sprinkleranlegg i andre etasje.
  • Hemmelege dører, gangar og rom. Ei hemmeleg dør nær trappa som førte til resten av huset lét Gillette raskt, uventa og teatralsk tre fram for å skremma eller ønska gjestene sine velkommen. Det hemmelege rommet er berre tilgjengelig gjennom ei trapp som kjem fram nå ein trekk i eit handtak. Rommet er lite, og har ein peis.[11][1][5]
  • Ei stor tretrapp til overetasjane.[13]

Huset var særskild dekorert med fleire Tiffany-lampar laga av glasstykke frå flasker.[12] Det hadde òg ei oppvarma seng. På eit tidspunkt delte Gillette huset sitt med opptil 17 katter. Han utforma elegante katetleiker for dei.[5]

Gillette var svært glad i smalsporsjernbanen sin på 3 mile, som hadde eit omfattande system av sporvekslar, bukkar, bruer og ein tunnel.[9] Vitjande, som skal ha inkludert Albert Einstein, Helen Hayes og Charlie Chaplin, kunne reisa med jernbanen rundt eigendomen og gå langs klippene ved Connecticut-elva, som var over 100 fot høge.[1][2][12] Jernbanen hadde både damplokomotiv og elektrisk lokomotiv, og blei seinare kjøpt av Lake Compounce i Bristol i Connecticut. Dei resterande spora blei tekne bort og banenettet blei gjort om til gangstiar.[1] Lokomitva blei donerte til parken att i 1992, og er no stilte ut ved besøkssenteret på staden.[1] Gillette sin «Grand Central Station» -stasjon er att, i lagg med ein kopi på taket av ein kattefigur i metall.[1][2]

I området var det også ein rotkjeller, gangstiar med svært bratte trinn, eit toetasjes hus til tenarane, ein liten gammaldags låve, bogebruer i stein, bukkar i tre på opptil 40 fot (12 m) og eit fiskevatn.[6][9]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 Cody, Sarah. «Exploring Gillette Castle». ctnow.com (på engelsk). Henta 26. september 2017. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 Woodside, Christine (2. juni 2002). «A Castle Restored, Including the Quirks». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Henta 26. september 2017. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 «William Gillette: King Of His Castle». tribunedigital-thecourant (på engelsk). Henta 26. september 2017. 
  4. Protection, Department of Environmental. «DEEP: Gillette Castle State Park». www.ct.gov (på engelsk). Henta 26. september 2017. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 5,7 5,8 Ofgang, Erik. «Gillette Castle, Once Home of 'Sherlock Holmes', Opens Season of Tours». Connecticut Magazine (på engelsk). Henta 26. september 2017. 
  6. 6,00 6,01 6,02 6,03 6,04 6,05 6,06 6,07 6,08 6,09 6,10 Walker, T. «Gillette Castle State Park, a Connecticut park located near Clinton, Colchester and Cromwell». www.stateparks.com. Henta 26. september 2017. 
  7. «Gillette Castle State Park». Department of Energy and Environmental Protection. State of Connecticut. Henta 25 mai 2016. 
  8. «Seventh Sister». National Register Digital Assets. National Park Service. Henta May 25, 2016. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 9,5 9,6 «Archived copy». Arkivert frå originalen 27. september 2017. Henta 26. september 2017. 
  10. «Aunt Polly and Its Preservation | ConnecticutHistory.org». connecticuthistory.org (på engelsk). Henta 26. september 2017. 
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 «Holmes at Home: The Life of William Gillette | ConnecticutHistory.org». connecticuthistory.org (på engelsk). Henta 26. september 2017. 
  12. 12,00 12,01 12,02 12,03 12,04 12,05 12,06 12,07 12,08 12,09 LEFF, DAVID K. «William Gillette's Ghost Revived At His Castle». courant.com (på engelsk). Henta 26. september 2017. 
  13. 13,0 13,1 Webmaster. «Gillette Castle – Gillette Castle State Park East Haddam Connecticut Photos William Gillette's Sherlock Holmes». www.ctrivervalley.com. Henta 26. september 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Gillette Castle State Park