Giset på Ertvågsøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg Giset på Frosta.

Giset har gnr. 4 i Aure og er ein gard på austsida av Ertvågsøya i Aure kommuneNordmøre. Garden ligg ved det såkalla Gisetsvaet ved nordenden av Mjosundet og grensar til Setervika (gnr. 3, bnr. 2) og Klaksvika (gnr. 3 bnr. 1) i nord og Sundsbøen i sør. Truleg var garden også ei tid tid enkjesæte for prestane i Aure.

Gisetsetra[endre | endre wikiteksten]

Så langt ein kjenner til er dei skriftlege kjeldene tause kva gjeld seterbruk på Gisetgarden. I følgje Todal (1963) er ikkje seter nemnd i nokon av dei kjende matrikkelutkasta som har vore laga, det første i 1723. Det er difor usikkert når det vart etablert seterdrift på garden. Derimot veit ein så om lag når drifta vart avvikla. Det skulle vera i den tida at lensmann Angel Landmark åtte garden at setra på Giset vart nedlagd. Dette var rett etter år 1900 etter det som tidlegare eigar Ola Eines, fortalde. Fjøset vart rive og oppsett som sommarfjøs øvst oppe på sommarfjøsekra på garden. I dag er det berre ruinane å sjå etter denne bygningen. På staden der setra stod er det framleis nokre novsteinar å sjå, samt eit par rognetre -- og staden er på ingen måte lett å finna fram til. Finn Oldervik var så heldig å få staden påvist av den tidlegare brukaren av Gisetgarden, Ola Eines.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Todal, A., Gardtales i Aure, Band I., 1963.

Heimelsfolk[endre | endre wikiteksten]