Gitter i matematikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit gitter i matematikk er eit system av parallelle, rette linjer med same avstand overskoren av eit anna system av same sort. Skjeringspunkta til linjene vert kalla gitterpunkt. Meir spesielt nyttar ein omgrepet gitterpunkt om dei punkta i eit koordinatsystem der koordinatane er heiltal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«gitter (matematikk)» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 2011-11-14.