Giudecca

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Giudecca innanfor Venezia.

Giudecca er ei øy i Venezialagunen, like sør for dei sentrale øyane. Mellom desse øyane og Giudecca ligg Giudeccakanalen.

Opphavleg vart ho kalla Spinalunga og øya kan ha fått nytt namn av jødane som busett seg her. Historisk var området eit stort palass med hagar, men øya vart industrialisert tidleg på 1900-talet med skipsverft og fabrikkar, i tillegg til eit filmstudio. Mykje av industrien på Guidecca vart lagt ned etter den andre verdskrigen, men vert i dag rekna som eit eksklusivt bustadområde. Ho er kjend for den lange kaien og kyrkjene sine, som Il Redentore. San Giorgio Maggiore ligg utanfor austenden av øya.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 45°25′30″N 12°19′43″E