Glaslyn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Glaslyn
innsjø
none  Austover frå Snowdon: Glaslyn i botn, Llyn Llydaw oppfor
Austover frå Snowdon: Glaslyn i botn, Llyn Llydaw oppfor
Område Snowdon i Wales
Wikimedia Commons: Glaslyn

Glaslyn er ein innsjø i Snowdonia nasjonalpark i Gwynedd, nordvest i Wales. Han ligg høgt, 600 meter over havet, i ein dalbotn på austsida av Snowdon. Vatnet er omtrent forma som ein ellipse, og er 500 meter frå aust til vest og 300 meter frå nord til sør.

Glaslyn er kjelda til Afon Glaslyn, den store elva i Gwynedd, som renn austover til reservoaret Llyn Llydaw før ho snur sørvestover og når havet ved Porthmadog.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]